Historie

Barnehagen vart bygd i 2002 etter initiativ fra ei foreldregruppe med barn som ikkje hadde tilbud om barnehageplass i den offentlege barnehagen. På den tida var det lang ventetid for å få tilbud om barnehageplass. Sida då har det vorte mykje fokus og satsning på å skaffe nok barnehageplassar til barna i Hå kommune, og dei som har rett på barnehageplass får nå dette.

Tjemslandshagen barnehage

Barnehagen er bygd av Barnebygg. Det var i samarbeid med desse at foreldregruppa påtok seg ansvaret å starte interimstyre, ansette styrar og legge eit godt grunnlag for å etablere barnehage midt i eit heilt nytt boligfelt som då var under planlegging. Mykje arbeid skulle leggast til grunn med årsplaner, godkjenninger, økonomisk styring og gode planer for HMS arbeid, samt praktiske løysninger og fargevalg på interiør o.l. Styret og styrar etablerte samarbeid med Hå kommune, som då kom i ein ny situasjon med å forhalde seg til private aktører parallelt med utbygging av dei offentlege tilbuda. Dette samarbeidet fungerer nå godt. Kommunen har i dag 3 private og 14 kommunale barnehager, og vi har jamleg samarbeid mellom barnehagane og etaten.

Sidan åpninga av barnehagen i 2003 har Storting og Regjering hatt eit stort fokus på å utvide arbeidet i barnehagesektoren, bygge nok barnehageplasser, auke kompetansen med fleire høgskuleutdanna i sektoren, og tiltak for at foreldrebetalinga skal haldast lågast mulig. Som privat aktør er målet vårt ikkje primært å tjene penger på drifta, men å drive god barnehage, med eit godt fagmiljø, konkurransedyktige arbeidsforhold og godt vedlikehald av bygg. Eventuelt overskot går difor i sin heilhet til barnas beste og utvikling av barnehagen. Tjemslandshagen barnehage er tilknytta Private Barnehagers Landsforbund, som bistår med nyttig fagkompetanse innan både pedagogisk, juridisk og økonomisk rådgivning.

 

Om oss - Tjemslandshagen barnehage

Det er foreldra som står som andelseigere av barnehagen, gjennom samvirkelaget Tjemslandshagen Barnehagen SA. Foreldra er representert på alle nivå i barnehagen. Styret består av foreldrerepresentanter og representanter fra personalet. Foreldra danner Foreldreråd/årsmøtet og Samarbeidsutvalg. Det er foreldrerådet/årsmøtet som velger representanter til styret og SU.

Frosken Frode er maskoten vår. Den fungerer som logo i våre dokument, den pryder fana vår, og den er tilgjengelig i bamseform i barnehagen. Den har sitt opphav i det gamle jærske uttrykket Trausk – som kjenneteikner ein ekte Varhaugbu. Me liker å knytte kjenneteikn som traust og med føtene godt planta på jorda, når me snakkar om ein ekte varhaugstrausk. 

Me opplever at det ikkje er mange som bruker ordet trausk i dag. Det er heller ikkje slik at det kun er Varhaugsbuer som har tilbud om plass i vår barnehage. Vi har difor valgt å knytte denne logoen opp mot viktige verdier i vår kvardag, knytta til ordet FROSK:

Fellesskap  |  Respekt  |  Omsorg  |  Samarbeid  |  Kunnskap     

Ein frosk som trives og har det bra, vil veksa og utvikla seg og styra med sitt. Han vil hoppe og sprette og kvekke når han kjenner seg trygg til det. Og vi arbeider daglig for å gjere vår barnehage til ein plass der det er TRYGT Å VÆRE – KJEKT Å LÆRE, nettopp for at både små og store skal kunne få eit godt fundament for livet.