Personale og avdelingar

Barnehagen har tre avdelingar. Dette barnehageåret har vi to 3-6 års avdelingar og ein 1-2 års avdeling.

 

Bjørg Oltedal

Bjørg Oltedal – 31 år

Styrar

Bjørg starta i barnehagen som assistent i 2009. Ferdig utdanna barnehagelærar med fordjuping i småbarnspedagogikk i 2013. Arbeidde som pedagogisk leiar, før ho begynte som styrar i 2020. Har tatt vidareutdanning i spesialpedagogisk arbeid med barn og unge. Held no på med ein master i barnehagevitenskap med fokus på vegleiing og ledelse i barnehagen.

Linda Gausland – 44 år

Linda Gausland – 44 år

Kokk

Linda begynte her i 2008 som fagarbeidar. Arbeider no som kokk i ei 50% stilling. Ho har utdanning som kosthaldvegleiiar og trener strongman, er blant dei sterkaste damene i Noreg.  Linda lagar all mat frå botnen av, og arbeider for at alle skal lære om betydningen av eit godt samansett kosthald . Er oppteken av å involvera barna i matlaging og lage god og kortreist mat.

 

 

BLÅMANN 3-6 års avdeling

Anne Ueland - 48 år

Anne Ueland – 48 år

Pedagogisk leiar

Begynte å arbeide her i 2006 som assistent. Fullførte barnehagelærarutdanninga i 2011. Seinare har Anne vidareutdanna seg innan sosialpedagogikk, vegleiing for nyutdanna lærarar, barns utvikling, samt barns språkutvikling og språklæring i barnehagen. Ho synst det er ekstra kjekt å arbeide med matematikk og språk i barnehagen.

Ina Linn B. Dahl - 30 år

Ina Linn B. Dahl – 30 år

Pedagogisk leiar

Ferdig utdanna barnehagelærer i 2012. Begynte hos oss i 2017.  Ina Linn har fordjupning i pedagogisk leiing. Ina Linn synst det er spanande å utforske kreativiteten saman med barna, og har eit engasjement for å skapa eit rom for fortellargleda. Ho let barna møta drama og magi i kvardagen.

Anne Katrine T Haver - 29 år

Anne Katrine T Haver – 29 år

Barne- og ungdomsarbeidar

Tilsett i Tjemslandshagen barnehage i 2011. Anne Katrine likar å vere ute og vere kreativ saman med barna.

Viktoria L. Jonassen-  27 år

Viktoria L. Jonassen-  27 år

Barne- og ungdomsarbeidar

Starta hos oss i 2015. Har tatt kurs i alternativ supplerende kommunikasjon (ASK), norsk med tegnstøtte (NMT) og PODD (symbol og bildestøtte). Ho er oppteken av å vera tilstade i barnehagekvardagen, og har eit hjerte og blikk for dei barna med ulike kvardagsutfordringar. På fritida er Viktoria oppteken av sunn mat, og det å vere i fysisk aktivitet. Ho har teke utdanning som personleg trenar med kosthaldvegleiing. Ho er aktiv sjølv og ynskjer å hjelpa andre.

 

 

GULLHÅR 3-6 års avdeling

Sigbjørg Nord-Varhaug Romvig - 45 år

Sigbjørg Nord-Varhaug Romvig – 45 år

Pedagogisk leiar

Utdanna barnehagelærar med fordjuping i småbarnspedagogikk i 2001. Begynte her i 2008. Likar å vere saman med barna, leika og lesa.

Linda Vold - 35 år

Linda Vold – 35 år

Pedagogisk leiar

Er utdanna barnevernspedagog, med etterutdanning i barnehagepedagogikk og småbarnspedagogikk. Har arbeidd her sidan 2007. Linda brenn for lesing og bøker. Ho arbeider for at barna skal få oppleva leseglede i barnehagen.

Linn Christin Sør-Reime – 31 år

Linn Christin Sør-Reime – 31 år

Barne- og ungdomsarbeidar

Linn Christin begynte i vår barnehage i 2017. Ho likar spesielt godt å leike, og skape noko saman med barna.

Anita Ueland - 49 år

Anita Ueland – 49 år

Assistent

Anita har drevet gard i 20 år før ho begynte her i 2014. Anita er verneombud i barnehagen. Anita er ofte å sjå i kreative prosessar saman med barna. Ho synst det er kjekt med leik og utkledning.

Michael Hutley - 34 år

Michael Hutley – 34 år

Assistent

Mike begynte her i 2014. Han inviterar ofte til fysisk aktivitet som aking, fotball og annan leik både ute og inne. Inne finn vi han i konstruksjonsleik, der dei bygger høge bygningar heilt opp til taket.

 

 

RØDHETTE – 1-2 års avdeling

Ingelin Sirevåg - 36 år

Ingelin Sirevåg – 36 år

Pedagogisk leiar

Begynte her i 2009. Ho likar godt å vera med dei yngste. Ingelin har fordypning i musikk, og likar godt å spela og synga saman med barna.

Rosemari Mattingsdal - 31 år

Rosemari Mattingsdal – 31 år

Pedagogisk leiar

Rosemari har bakgrunn som frisør før ho begynte her hos oss som ferdig utdanna barnehagelærar i 2019. Ho har fordjuping i pedagogisk leiing og er spesielt oppteken av å vere tilstades i leiken saman med barna.

Malin Sundvor Våland – 30 år

Malin Sundvor Våland – 30 år

Høgskuleutdanna

Malin har en bachelor i pedagogikk, ho held no på med ein master i  spesialpedagogikk. Begynte her hos oss i 2020 og arbeider i 40% stilling.

Jane Kristin Hadland - 31 år

Jane Kristin Hadland – 31 år

Fagarbeidar

Er utdanna omsorgsarbeidar. Har vore her sia 2009. Jane Kristin er brannvernansvarlig i barnehagen.

Anne Vold Håland - 59 år

Anne Vold Håland – 59 år

Assistent

Anne har vore 20 år på Nærlandsheimen og 14 år i butikk der dei solgte barneklede og utstyr. I 2014 begynte ho som assistent her hos oss. Ho er ei omsorgsfull dame som er tilstades for barna og har alltid ein klem eller eit fang når barna treng det.