Satsningsområder

Sidan oppstart har vi hatt ulike satsingsfelt i barnehagen: musikk, friluftsliv, fysisk fostring, sosial kompetanse, leik, matematikk i kvardagen og sosial kompetanse. Med dette kan vi fordjupe oss i tema og auke vår kunnskap, og kva vi vel å prioritere i vår kvardag i saman med barna.

I perioden (2018-2021) har vi mat og måltid og IKT i barnehagen som satsningsområde.

Mat og måltid

Vi tilbyr fokus på sunn mat og brukar berre råvarar matlaginga vår:

  • Middag /varm lunsj 3 dag i veka,
  • frukt /grønsaker til kvart måltid 
  • tre næringsrike måltid til dagen.

Vi ønsker at mat og måltid skal være ein god og allsidig læringsarena. Vi treng kunnskap om kva som er bra mat for kroppen vår, og kva vi bør ete mindre av. Vi treng at både personale og foreldre har kompetanse om kva som er god og næringsrik mat for barn i vekst. Vi får del i eit spanande kretsløp, når vi følger heile matprosessen der vi nokon gonger dyrker eigne grønsaker og ser korleis dei endrar seg frå frø til ferdig produkt. Barna får viktig kunnskap om livet, når dei ser samanheng mellom vekster, dyr og mat. Vi kan alle lære meir om bærekraftig handling ved å bruke opp matrester, lage passelege mengder mat, nytte mat vi har i staden for å kaste den. Vi kan verte meir bevisste i kildesortering, og håndtering av biomateriale. Det er motorisk trening i å dele opp og håndtere mat i store og mindre mengder. Det er naturleg trening på tall, mendger og måling når barna deltek i prosessane med baking, borddekking og tilbereding av måltid. Barna lærer god håndhygiene og verdset fellesskapet. Dei utvikler sjølvhevding i det å ta ansvar for og del i matlagingsprosessen. Mat og måltid har stor verdi også for vår psykiske helse, i det å kjenne glede og fellesskap med kvarandre.

 

 

IKT i barnehagen

Den teknologiske utviklinga har stor fart i samfunnet vårt. For oss er det ikkje om å gjere å være banebrytande på området, men å ta i bruk det vi kjenner er hensiktsmessig for oss i vår kvardag. Det er viktig at vi tar i bruk gode hjelpemidler, nytter gode pedagogiske verktøy. Det er mange gode verkøy som vi ønsker barna skal få bruke. Vi treng å lære oss kildekritikk i møte med all digital informasjon. Vi treng eit bevisst forhold til bruk av skjerm slik at denne ikkje tek fra barna den naturlige aktive leiken som skal fylla mykje av barndommen. Vi treng å utfordre oss sjølv og foreldra til å ta del i det vi somme tider tenker er utanfor vår komfortsone. Vi treng utholdenhet og pågangsmot for å få fleire til å nytte teknologien inn som hjelpemiddel og virkemiddel i kvardagen vår. Vi ønsker god kunnskap om lovverk knytta til oppbevaring, deling og sletting av informasjon. Vi vil at foreldra skal få del i kvardagen vår, og at dei skal få styre kven som har tilgang til å sjå bilete av deira barn. Vi ønsker ein høg etisk bevissthet omkring fotografering og deling av bilder. Vi nytter teknologien til å formidle noko av alt det vi erfarer i vår kvardag.

Vi nytter

  • Ipad til ulikt pedagogisk arbeid, med hjelp av anbefalte pedagogiske apper, Lydbøker, filmsnutter o.l
  • Fotoapparat til å fotografere, og framstille bilete.
  • Kopimaskin og skanner til bearbeiding av bilete.
  • Smarttelefon som gjer oss tilgang til aktuell informasjon uansett kor vi er.

Digital påloggingsside for foreldre og barnehage, der vi trygt kan dele bilete og dokumente i henhold til Datatilsynet sine retningslinjer.